Hanekam | |
Hanekam | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Nellikordenen Caryophyllales |
Familie: | Nellikfamilien Caryophyllaceae |
Underfamilie: | Caryophylloideae |
Stamme: | Sileneae |
Slekt: | Smelleslekta Silene |
Art: | Hanekam S. flos-cuculi |
Vitskapleg namn | |
Silene flos-cuculi |
Hanekam (Silene flos-cuculi) er ei urt i nellikfamilien. Arten er utbreidd i Europa og Asia. Tidlegare har arten vore klassifisert som Lycnis flos-cuculi.
Planta er kring 40 cm høg med grann småhåra stengel og smale snaue eller finhåra blad. Ho har sylindrisk raudt beger og lysraude fireflika kronblad. Hanekam har fem kapseltenner. Han blømer kring juli månad på fuktige enger. Planta finst over heile Noreg så langt nord som til Sør-Varanger. Ho er funnen opp til 960 m på Hardangervidda.