Hans Andreas Limi | |||
| |||
Fødd | 29. september 1960 (64 år) Porsgrunn | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Framstegspartiet (1979) | ||
Yrke | politikar, forretningsdrivande | ||
Utdanna ved | Handelshøyskolen BI | ||
Ektefelle | Vibeke Limi | ||
Alle verv |
|
Hans Andreas Limi (fødd 26. september 1960 i Skien) er ein norsk politikar for Framstegspartiet. Han er medlem av Bærum kommunestyre frå 2011, leiar i Akershus Framstegsparti frå 2012 og vart vald inn på Stortinget frå Akershus hausten 2013.[1][2]
Han har vore medlem av Framstegspartiet sidan 1979.[1] Han var generalsekretær i Framstegspartiets Ungdom 1984–1986, kontorsjef i Framstegspartiet 1986–1988 og deretter generalsekretær i partiet 1988–1994.[3] Limi var medlem av Skien bystyre og formannskap 1984–1987. Han var medlem av Oslo bystyre frå 1988, men fekk permisjon frå vervet i 1989.[3] Han overtok som finansbyråd i Oslo etter Sverre Frich jr. i april 1991 og sat ut året. Limi har også sete i Kringkastingsrådet.[4]
Etter eksamen ved Telemark Handelsgymnas i 1979 studerte han bedriftsøkonomi ved Bedriftsøkonomisk Institutt. Limi trekte seg frå stillinga som generalsekretær i Framstegspartiet i mai 1994, og gjekk over i stillinga som eigedomssjef i Olav Thon-gruppen.[5] Han har sidan vore utviklingsdirektør i Steen & Strøm AS,[6] etableringsdirektør i ICA Norge AS og dagleg leiar i eige konsulentselskap.
Sidan 1984 har han vore gift med partikollegaen Vibeke Limi.[3]