Hans Hagerup Krag | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 9. august 1829 Grong kommune |
Død |
8. mai 1907 (77 år) |
Yrke | ingeniør |
Far | Hans Peter Schnitler Krag |
Hans Hagerup Krag på Commons |
Hans Hagerup Krag (9. august 1829–8. mai 1907) var ein offiser, vegingeniør, vegdirektør i Noreg 1874-1904. Hans Peter Krag var far hans.
Krag var fødd i Grong. Han gjekk krigsskulen og var artillerioffiser i 1850. Frå 1853 var han vegingeniør i state, og stakk i 1857 ut ruta for Geirangervegen. Krag var kontorsjef i vegdirektoratet frå 1866, sjølv vegdirektør 1874-1904. Han var ein framsynt mann som gjorde særs mykje for samferdsla i Noreg. Mellom anna var han sentral ved etableringa av Haukelivegen mellom Telemark og Odda, ved Strynefjellsvegen i 1894, og lanserte i 1896 planane for Sognefjellsvegen. Han var sentral også då dedet vart bygt veg til Holmenkollen og Voksenkollen, samstundes som ein sikra friareal for folket i Oslo by.
Krag var fleire gonger på studieferder i utlandet. Han var mykje i Sveits og forstod tidleg at Noreg hadde ei framtid som mål for turistar. I 1868 var Krag med å skipa Den Norske Turistforening, æresmedlem 1897, og var elles oppteken av å fremje friluftslivet.
Krag døydde 1907 i Kristiania.