Hans Jacob Grøgaard | |||
| |||
Fødd | 5. april 1764 Hof | ||
---|---|---|---|
Død | 22. mars 1836 (71 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | prest, politikar | ||
Utdanna ved | Bergen Katedralskole Københavns Universitet | ||
Barn | Christian Grøgaard, Johannes Grøgaard | ||
Alle verv |
Hans Jacob Grøgaard (5. april 1764–22. mars 1836) var ein norsk prest, forfattar og stortingsmann. Han hadde særleg innverknad på norsk kultur gjennom sine skulebøker.
Grøgaard var fødd i Hof i Solør. Då han var tre år gammal flytta familien til Bergen, der faren var klokkar ved St. Jørgens hospital og leksehøyrar ved katedralskulen. Grøgaard vart utdanna på skulen der faren hans var leksehøyrar, student frå 1781. Teologisk eksamen avla han i 1784. Deretter var han huslærar hos presten i Skjold og i 1786 kapellan på same staden. Åra 1787-89 styrte hansokneprestembetet der, før han så vart personleg kapellan i Skudenes 1789-95.
Etter eit opphald i København vart Grøgaard utnemnd til residerande kapellan i Øyestad, 1800-10 også forlikskommissær. Forlikskommisjonen handsama i desse åra 3 705 saker, av desse enda 2 622 med forlik. I Øyestad ivra han elles sterkt for folkeopplysning. År 1811 vart han sokneprest i Vestre Moland. Han vart verande i kyrkjelyden i elleve år, og skreiv då ei lesebok som lenge vart brukt i skulen. Frå 1822 var han sokneprest i Nykirken sokn i heimbyen i Bergen. Dette embetet hadde han til han døydde. Som preikar var han avhalden for sin hjartevarme og si djupte. Eit ettermæle omtala han som «Vittig, skarpsindig, kunnskapsrik, behagelig i omgang».
Grøgaard vart vald som 2. utsending frå Nedenes amt til riksforsamlinga i 1814. Han reiste til Eidsvoll i fylgje med Jacob Aall og Alexander Møller. På Eidsvoll budde han i lag med meningsfellen Jacob Aall, det framgår av dagbøkene deira at dei utveksla synspunkt og erfaringar. Av mistillit til Kristian Fredrik slutta Grøgaard seg til unionspartiet. På Eidsvoll var Grøgaard ein av dei beste talarane, han var frykta for sin kvasse ordkunst og skarpe kritikk. Men han deltok lite i debattane. Til stortinget 1815-16 var han 1. varamann.
År 1815 gav Grøgaard ut ei ABC-bok. Denne kom ut i ti opplag. Året etter kom Læsebog for Børn, ei lesebok som særleg var mynta på skuleborn i omgangsskulen. Leseboka var langt på veg ei bibelsoge, restinnhaldet dreia seg mest om kyrkjesoge og verdssoge. Ho kom ut i 13 opplag fram til 1848. Ein omarbeidd versjon av 'Grøgårdsboka' kom i ytterlegare sju opplag, det siste i 1869.
I fortellinga Trolldom i boka Sjøpapegøier av Gabriel Scott er Hans Jacob Grøgaard hovudperson.