Hans Olav Tungesvik | |||
Fødd | 22. mai 1936 Skånevik | ||
---|---|---|---|
Død | 16. juni 2017 (81 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Kristeleg Folkeparti | ||
Yrke | politikar, psykiater | ||
Utdanna ved | Universitetet i Oslo | ||
Barn | Steinulf Tungesvik | ||
Alle verv |
|
Hans Olav Tungesvik (22. mai 1936–16. juni 2017) var ein norsk psykiater og politikar frå Skånevik i Hordaland. Han var stortingsrepresentant for Hordaland for Kristeleg Folkeparti i perioden 1977–1985.[1]
Hans Olav Tungesvik tok legeutdanning som han fullførte i 1964. Deretter spesialiserte han seg i psykiatri. Han hadde stilling som fylkespsykiater i Finnmark, sjeflege ved Modum Bad og var dagleg leiar av Frihamn psykiatriske senter i Skånevik.[1] På 1970-talet hadde han radioprogrammet Eit kvarter med legen.
Politisk engasjerte Tungesvik seg opphavleg i Venstre. Etter det opprivande landsmøtet i 1972 gjekk han over til Kristeleg Folkeparti, som han blei stortingsrepresentant for.[1]
Tungesvik sat òg som leiar i Noregs Mållag frå 1965 til 1970[1] og formann i Folkeaksjonen mot sjølvvald abort frå 1974 til 1975.
Hans Olav Tungesvik var far til senterpartisten Steinulf Tungesvik, som hadde leiarvervet i Mållaget ein periode i 2005, nøyaktig 40 år etter at faren fekk same vervet.