Haret Hreik arabisk حارة حريك | |||
by | |||
Land | Libanon | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Baabda distrikt | ||
Del av | Dahieh | ||
Koordinatar | 33°51′N 35°31′E / 33.850°N 35.517°E | ||
Haret Hreik 33°51′00″N 35°31′00″E / 33.85°N 35.516666666667°E | |||
Kart som viser Haret Hreik.
| |||
Wikimedia Commons: Haret Hreik |
Haret Hreik er ein sjia- og maronittisk-kristen by i Dahieh forstad, sør for Beirut i Libanon. Han høyrer til Baabda distrikt. Han var ein gong ein jordbruksby men minsta det landlege preget sitt då bølgjer av flyktningar frå Sør-Libanon slo seg ned i byen og gjorde han til det urbane nabolag Dahieh.[1] Haret Hreik ligg nordaust for Rafik Hariri internasjonale lufthamn og nord for byane Laylake og Bourj Al Brajneh, vest for Hadath og sør for Chiah. Byen er hovudkvarter for sjia-gruppa Hizbollah. Israelske krigsfly øydela hovudkvarteret og sivile heimar i juli 2006.[2]
Området vart kraftig øydelagd under Israel-Libanon-konflikten i 2006. Det er estimert at nær 200 bygningar vart øydelagd den første veka av det israelske åtaket på Libanon i 2006, og meir enn 700 strukturar var skadde eller øydelagd mot slutten av krigen.[3] Byen har sidan gjennomgått ombygging, og erstatta øydelagde bygg. Bygginga var ferdig i 2012.
Haret Hreik husar Umam dokumentasjon og forsking, eit arkivverk som arkiverer libanesisk historie. Umam driv òg The Hangar, eit moderne kunstlokale.