Harry Beckett | |||
| |||
Fødd | 30. mai 1935 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Saint Michael på Barbados | ||
Død | 22. juli 2010 (75 år) | ||
Dødsstad | London, England | ||
Fødenamn | Harold Winston Beckett | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1961–2010 | ||
Sjanger | jazz | ||
Instrument | Trompet, flygelhorn | ||
Verka som | Musikar |
Harold Winston «Harry» Beckett (30. mai 1935–22. juli 2010)[1] var ein britisk trompetist og flygelhornspelar frå Barbados.
Harry Beckett var fødd i Bridgetown i Saint Michael på Barbados og lærte å spele musikk i korpset til Frelsesarmeen.[2] Han flytta til Storbritannia i 1954 og fekk eit internasjonalt ry. I 1962 spelte han med Charles Mingus i filmen All Night Long.[3] I 1960-åra arbeidde han og spelte inn musikk med bassisten og komponisten Graham Collier.[3] Frå og med 1970 leia han sine eigne grupper, og spelte inn musikk for mellom andre Philips, RCA og Ogun Records.
Han var ein nøkkelfigur for fleire viktige grupper i frijazz og improvisasjonsmusikkmiljøet i Storbritannia, inkludert Ian Carr sitt Nucleus, Brotherhood of Breath og The Dedication Orchestra, London Jazz Composers Orchestra, London Improvisers Orchestra, John Surman's Octet, Django Bates, Ronnie Scott's Quintet, Kathy Stobart, Charlie Watts, Stan Tracey's Big Band and Octet; Elton Dean sitt Ninesense.[4] Han har òg spelt inn musikk med Keef Hartley, Jah Wobble, David Sylvian og arbeidd med David Murray. Han turnerte utanlands med Johnny Dyani, Chris McGregor, Keith Tippett, John Tchicai, Joachim Kühn, Dudu Pukwana's Zila, George Gruntz's Bands, den belgiske kvintetten The Wrong Object, Pierre Dørge sitt New Jungle Band og Annie Whitehead sitt Robert Wyatt-prosjekt, Soupsongs, i lag med Phil Manzanera og Julie Tippetts.
Det dub-aktige albumet The Modern Sound of Harry Beckett vart produsert av den kjende britiske produsenten Adrian Sherwood og kom ut på On-U Sound seint i 2008.
I 1972 vann Beckett ein pris i Melody Maker som beste trompetist i Storbriannia. Han var medlem av Orchestre National de Jazz mellom 1997 og 2000.[3]
Beckett døydde av hjerneslag den 22. juli 2010.[5]
Med Graham Collier
Med Barry Guy/The London Jazz Composers' Orchestra
Med Oliver Nelson