Hauk Aabel | |||
| |||
Fødd | 21. april 1869 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Førde | ||
Død | 12. desember 1961 (92 år) | ||
Dødsstad | Oslo | ||
Verka som | teaterskodespelar | ||
Far | Andreas Aabel | ||
Ektefelle | Svanhild Johannessen | ||
Born | Per Aabel, Andreas Aabel | ||
Prisar | Kongens fortenestmedalje, Den Kongelege Norske St. Olavs Ordenen |
Hauk Erlendssøn Aabel (fødd 21. april 1869 i Førde, død 12. desember 1961) var ein norsk skodespelar og visesongar som vart utnemnd til riddar av St. Olavs Orden i 1934 og som òg fekk Kongens fortenestmedalje i gull.
Han var son av legen og høvesdiktaren Andreas Aabel (1830—1901) og debuterte på Christiania Theater i 1897, men slo først igjennom 1899 på Sekondtheatret med den storkomiske, lettbeinte og dumlystige antikvitetshandlaren Snild i Gustav Wied sin Erotik. 1900—1904 var han knytt til Nationaltheatret, frå 1904 til Centraltheatret, der han som den naive bondeguten Ola Lia forma ein populær figur.
I 1917 byrja Hauk Aabel å spele i stumfilmar i Sverige. Han vendte så tilbake til Noreg i 1927, der han deltok i fleire filmar, den siste i 1939, som far til Tutta Rolf i den svenske filmen Valfångare.
Hauk Aabel var far til den populære skodespelaren Per Aabel (1902–99).
Denne artikkelen har innhald frå den opphavsrettsfrie førsteutgåva av Illustreret norsk konversationsleksikon, 1907–1913.