Haus | |||
tettstad | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Osterøy | ||
Areal | 0,35 km² | ||
Folketal | 581 (2023) | ||
Folketettleik | 1 660 / km² | ||
Postnummer | 5286 HAUS | ||
Innbyggjarnamn | hausing | ||
![]() Haus 60°26′52″N 5°29′59″E / 60.44777778°N 5.49972222°E |
Haus eller Hausvik er ein tettstad i Osterøy kommune i Vestland. Tettstaden har 581 innbyggjarar per 1. januar 2023. Staden ligg på sørvestsida av Osterøya. Om lag 1,5 km sør for Hausvik, på Kvistineset, går Osterøybrua over til Bergenshalvøya. Før var dette kommunesenteret i Haus kommune. Haus var også ferjestad for ferja mellom Haus og Garnes.
Haus var tidlegare ein eigen kommune. Ved kommuneendringane i 1964 vart det av fastlandsdelen skipa ein ny kommune som fekk namnet Arna. I dag er dette området ein del av Bergen kommune, medan delen av den gamle kommunen som låg på Osterøya, er del av Osterøy kommune.
Haus formannskapsdistrikt vart oppretta i 1837. 1. januar 1870 vart området delt i Haus og Bruvik kommunar. Ved delinga hadde Haus 4229 innbyggarar. 1. januar 1964 vart den delen av Haus som låg på Osterøy overført til den nyoppretta Osterøy kommune. Samstundes vart fastlandsdelen av Haus kommune eigen kommune med namnet Arna kommune.
Folketalsutvikling for tidlegare Haus kommune frå 1870 til 1964:
1.1.1870 | 1.12.1920[1] | 1.12.1930[2] | 3.12.1946[2] | 1.1.1951[3] | 1.1.1961[3] | 1.1.1964[3] |
---|---|---|---|---|---|---|
4229 | 5396 | 5619 | 7812 | 8902 | 10 400 | 11 185 |
Haus er også namnet på eit kyrkjesokn i Bjørgvin bispedøme. Haus sokn omfattar den sørvestre delen av Osterøya.