Have You Seen Her Face Singel av The Byrds frå albumet Younger Than Yesterday | ||
B-side |
«Don't Make Waves» | |
---|---|---|
Utgjeve | 22. mai 1967 | |
Innspelt | 28. november til 1. desember 1966, Columbia Studios, Hollywood | |
Sjanger | Rock, pop | |
Lengd | 2:25 | |
Selskap | Columbia | |
Låtskrivar(ar) | Chris Hillman | |
Produsent | Gary Usher | |
The Byrds-kronologi | ||
«My Back Pages» (1967) |
Have You Seen Her Face | «Lady Friend» (1967)
|
«Have You Seen Her Face» er ein song av det amerikanske rockebandet The Byrds, skriven av bassisten i bandet, Chris Hillman. Songen finst på albumet Younger Than Yesterday frå 1967.[1] Songen vart gjeven ut som den tredje singelen frå albumet, 22. mai 1967 og nådde 74. plass på den amerikanske singellista.[2][3]
Songen vart skriven etter ei innspeling for trompetisten Hugh Masakela, som Hillman hadde deltatt på i 1966, eit år då bassisten blømde som låtskrivar.[4] Før dette albumet hadde Hillmann medverka minimalt som låtskrivar for The Byrds.[5]
«Have You Seen Her Face» har ein skingrande struktur og melodi, og er sterkt påverka av den britiske bølgja på midten av 1960-talet, med ei melodisk basslinje som minna om Paul McCartney si basspeling.[6][7]