Hebbariye | |||
landsby | |||
Land | Libanon | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Nabatieh guvernement | ||
Distrikt | Hasbaya distrikt | ||
Koordinatar | 33°22′03″N 35°41′39″E / 33.3675°N 35.694167°E | ||
Folketal | 1 800 (1970[1]) | ||
Hebbariye 33°22′03″N 35°41′39″E / 33.3675°N 35.694167°E | |||
Kart som viser Hebbariye.
| |||
Wikimedia Commons: Hebbariye |
Hebbariye, Hebbariyeh, Hebbariya eller Hebariya er ein landsby og kommune i Hasbaya distrikt i Nabatieh guvernement i Libanon.[2] Han ligg i sørvestsida av fjellet Hermon nær grensa til Syria, nordaust for Rachaya Al Foukhar mellom aprikoshagar.[2]
Landsbyen ligg kring 750 meter over havet og har ein liten folkesetnad med hovudsakleg sunnimuslimar.[3]
Det ligg eit romersk tempel nær landsbyen, som er det sørlegaste av Hermontempla.[4][5][6] Tempelet vart undersøkt i 1852 av Edward Robinson, som målte dimensjonane til å vere ei lengd på 58 meter og ei breidde på 31 meter. Høgda vart estimert til 32 meter.