Hege Bae Nyholt | |||
![]() | |||
Fødd | 2. august 1978 (46 år) | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Raudt | ||
Yrke | barnevernspedagog, politikar | ||
Alle verv |
|
Hege Bae Nyholt (fødd 2. august 1978) er ein norsk barnehagelærar og politikar frå Trondheim. Ho har sidan 2021 representert Sør-Trøndelag og partiet Raudt på Stortinget.[1]
Nyholt er barnevernspedagog og er elles utdanna i tverrfaglege kulturstudiar. Ho har sidan 1990-åra vore aktiv i Palestinakomiteen og engasjert i solidaritetsarbeid for Libanon og den såkalla Vestbreidda. Ved valet til nye Trøndelag fylkesting i 2019 var ho Raudt sin fyrstekandidat. Saman med to partifellar fekk ho plass i det 59-manns store fylkestinget. To år seinare kom ho inn på Stortinget frå valkrinsen Sør-Trøndelag, vald gjennom eit utjamningsmandat. På Stortinget vart ho vald til leiar av Utdannings- og forskningskomitéen.[1]