Heinz Hajek-Halke | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 1. desember 1898 Berlin |
Død |
11. mai 1983 (84 år) |
Yrke | fotograf, universitetslærar, pressefotograf |
Periode | Surrealisme |
Heinz Hajek-Halke (1. desember 1898–11. mai 1983) var ein tysk eksperimentell fotograf som saman med Otto Steinert var med i gruppa Fotoform.[1]
Hajek-Halke var fødd i Berlin i 1898. Han voks opp i Argentina, og kom tilbake til Tyskland i 1910. Han byrja studera grafikk i Berlin i 1915. I 1916 blei han soldat under første verdskrigen. Etter at krigen slutta fortsette han å studera frå 1919 til 1923. I 1925 byrja han verka som sjølvlært fotograf, og gjorde oppdrag for mange ulike blad. Han hadde eit kortvarig samarbeid med ein annan ung og nyskapande fotograf, Yva, i 1926.
Frå 1934 til 1937 laga han fotoreportasjar for bladet Natur und Volk.[2] I 1937 laga han fleire reportasjar frå Brasil. Frå 1938 til 1945 arbeidde han for flyfabrikanten Dornier-Werke. Seinare blei han frilansar.[2]
I 1949 blei Hajek-Halke med i den tyske gruppa Fotoform, og tok del i dei to første utstillingane hennar. I 1955 blei han utnemnd til professor i fotografi og grafisk design ved Hochschule für bildende Künste (no Universität der Künste Berlin) i Berlin.
Som fotograf eksperimenterte Hajek-Halke med ulike teknikkar for fotomanipulasjon som fotomontasje, kollasj, dobbeleksponering og å kombinera fleire negativ til eit fotografi.[1]
Han var interessert i dyr - han tok makrofotografi av insekt og dreiv med slangar. Han eksperimenterte med lysgrafikk, og fotograferte ståltrådfigur han hadde laga for dette føremålet.[1]
(Utval)