Helen Bøsterud | |||
| |||
Fødd | 15. februar 1940 (84 år) Oslo | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Medlem | Europarådets parlamentarikerforsamling | ||
Alle verv |
|
Helen Marie Bøsterud (fødd 15. februar 1940 i Oslo) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho var innvald på Stortinget frå Akershus frå 1977 til 1993, og var justisminister frå 1986 til 1989 i Gro Harlem Brundtland si andre regjering.
Ho er utdanna spesialpedagog ved Oslo lærerhøgskole (1961) og Statens spesiallærerhøgskole (1972).
Før ho blei heiltidspolitikar arbeidde Bøsterud som lærar i Vestby kommune. I perioden 1975-79 var ho medlem av Akershus fylkesting. Ho var varamann til Nordisk råd i perioden 1979-81. Vidare var ho medlem av representantskapen i Vestby Ap i 1972-82.
Etter at ho gjekk ut av Stortinget var ho direktør for Direktoratet for sivilt beredskap frå 1993 til 2003.