Heletz | |||
moshav | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Den sørlege kystsletta | ||
Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
Kommune | Hof Ashkelon | ||
Koordinatar | 31°34′41.15″N 34°39′28.8″E / 31.5780972°N 34.658000°E | ||
Folketal | 449 (2015) | ||
Grunnlagd | 1950 | ||
• Grunnlagd av | jemenittiske immigrantar | ||
Tilhøyrsle | Moshavrørsla | ||
![]() Heletz 31°34′41″N 34°39′29″E / 31.578097222222°N 34.658°E | |||
Wikimedia Commons: Heletz |
Heletz (hebraisk skrift חֶלֶץ) er ein moshav sør i Israel. Han ligg mellom Ashkelon, Kiryat Gat og Sderot og høyrer til Hof Ashkelon regionale kommune. I 2006 hadde han 422 innbyggjarar.
Moshaven vart grunnlagd i 1950 av immigrantar frå Jemen, og vart kalla opp etter den bibelske Helez, ein av kong David sine krigarar (2 Samuel 23:26).[1]
Heletz oljefelt var den første suksessrike oljebrunnen i landet, og utvinninga byrja i 1955 til stor feiring. Det er framleis det mest økonomiske oljefeltet i Israel.