Helga Gunerius Eriksen
|
|
Nasjonalitet |
Norsk
|
Statsborgarskap |
Noreg
|
Fødd |
11. oktober 1950 (74 år) Stavanger
|
Yrke |
Forfattar
|
Periode |
1986-
|
Debut |
På stripejakt
|
Helga Gunerius Eriksen (fødd 11. oktober 1950 i Stavanger)[1] er ein norsk forfattar.
Ho voks opp på Stord, er utdanna cand.mag. med faga keramikk og filosofi, og bur no i Bergen.[2]
Eriksen har skrive biletbøker for både born og vaksne, romanar og forteljingar for born, ungdom og vaksne, og dramatikk for fleire aldersgrupper. Ho debuterte i 1986 med biletboka På stripejakt, og har vunne fleire litteraturprisar, mellom anna Brageprisen 2003 for biletboka Flugepapir saman med illustratør Gry Moursund.[2]
- Bøker for vaksne
- Dersom du, roman, Samlaget 1994
- Kvadratiske konturar, biletbok for vaksne saman med Kurt Johannessen, Samlaget 1998
- Rut, roman, Samlaget 2002
- Påls reise, fagbok tilpassa vaksne med utviklingshemning, Samlaget 2009
- Barne- og ungdomslitteratur
- På stripejakt (biletbok saman med Jørgen Blitzner, J.W. Eide 1986)
- Tashi og tanken som vart vekk (biletbok saman med Jørgen Blitzner, J.W. Eide 1987)
- Båten i treet (roman for born, illustrert av forfattaren, J.W. Eide 1988)
- Inga jente er som du! (ungdomsroman, Det Norske Samlaget 1989)
- Eg øver meg, eg øver meg (biletbok saman med Kristian Finborud, Samlaget 1990)
- Finn Inga! (ungdomsroman, Det Norske Samlaget, Kritikerprisen beste barnebok 1991)
- Stjerna over Bergen (ungdomsroman, Aschehoug 1992)
- Vi skal gjere det! (biletbok saman med Anne Knutsdatter Wille, Det Norske Samlaget 1993)
- Ingen ser meg (lettlest, illustrert av Kurt Johannessen, Damm leseløve 1993)
- Eit kyss er nok (lettlest, illustrert av Kurt Johannessen, Damm Leseløve 1994)
- Jungelord (biletbok saman med Gro Torvaldsen Rykkelid, Helteserien Damm 1994)
- Snakke er sølv (lettlest, illustrert av Kurt Johannesen, Damm Leseløve 1995)
- Donna Q (ungdomsroman, Det Norske Samlaget 1995)
- Vi kjem frå havet (forteljing for born/ungdom illustrert av Svein Rønning, Samlaget 1998)
- Flugepapir (biletbok saman med Gry Moursund, Samlaget, Brageprisen barnelitteratur 2003)
- Roma amoR (ungdomsroman, Samlaget 2004)
- Komme og gå (biletbok saman med Morten Øen, Samlaget 2005)
- Eg er på veg (ungdomsroman, Samlaget 2006, nominert til Kritikerprisen)
- Peri og Peti vender om (biletbok, 2013)
- Andre prosjekt
- Din inngang og din utgang og Minne. 2 teatertablå i samarbeid m/biletkunstnarar, B.I.T.
- Meter fleirkunstnarleg prosjekt – tekstinstallasjon, Trondheim Kunstsenter 1994
- UTL – fleirkunstnarleg prosjekt – tekst i terreng, landskapskunst i Årdal 1999-2000
- Postpoesi for papirkorga, plakatkunst for byrom, Bergen 2003
- Beijing – Barentsburg 1-24 Kalender/postkort til galleri Parken 2006