Helge Torvund | |
Nasjonalitet | Norsk |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 20. august 1951 (73 år) Hå kommune |
Yrke | Forfattar, psykolog |
Periode | 1977- |
Debut | Hendene i byen |
Helge Torvund (fødd 20. august 1951)[1] er ein norsk forfattar og psykolog.[2] Han er ein jærbu som bur på Ogna i Hå kommune i Rogaland. Han er bror til biletkunstnaren Gunnar Torvund (1948–2019).
Torvund har arbeidd som kunstkritikar i Stavanger Aftenblad, og var fast lyrikkmeldar i Dagbladet frå 2001 til 2008. Han har også drive mykje med skriverkstad i skulen etter Kenneth Koch sin metode, og er diktlærar for nettsida Diktkammeret drive av som Dagbladet.no. Helge Torvund har og gjendikta den amerikanske lyrikaren Robert Bly til norsk.
Torvund har arbeidd saman med mange andre biletkunstnarar og fotografar i avis, bokverk og utstillingar. Blant desse er fotograf Morten Brun, som hadde ei fast spalte med foto og dikt saman med Torvund i Dag og Tid i fem år. Torvund har laga fleire bokverk saman med Knut Bry og ei praktbok saman med Ingvar Moi (Ventar i vinden). Han har hatt ei stor utstilling saman med broren Gunnar Torvund (2rvund) med skulptur og dikt og diktskulpturar. Kjell Nupen gjennomillustrerte gjendiktingane av nordamerikanske indianarsongar som kom ut på Bokklubbens Lyrikkvenner i 1986. Dikta i Blått sug er sett saman med og står til måleri av Lars Hertervig. To av barnebøkene til Torvund er illustrerte av Knut Jørgensen, og Brødfanten har han illustrert sjølv. Våren 2007 kom den kritikarroste diktsamlinga Alt er høy som vart rekna som ei fornying og ei utviding av forfattarskapen.[3]
I 2010 skreiv Torvund teksten til «Nede for telling» som Bjørn Eidsvåg gav ut som singel frå albumet Rundt neste sving. Albumet, som var produsert av Thomas Dybdahl, vart årest mestseljande album i Noreg og låg som nummer 1 på VG-lista. «Nede for telling» vart mykje spela på radio. I 2015 skreiv Torvund to av songtekstane til albumet Populas som visegruppa Vamp gav ut. Låtane var balladen «Øyentrøst» og bluesen «Du».[4]