Hell

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Flaks.
Hell
tettstad
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Kommune Stjørdal
Areal 1,26 km²
Folketal 1 921  (2023)
Folketettleik 1 525 / km²
Postnummer 7517 HELL
Kart
Hell
63°26′40″N 10°55′21″E / 63.444444444444°N 10.9225°E / 63.444444444444; 10.9225
Wikimedia Commons: Hell, Norway

Hell er ein tettstad i bygda Lånke i Stjørdal kommune i Trøndelag fylke, med 1 921 innbyggjarar per 1. januar 2023. Her er ein gamal jarnbanestasjon på Meråkerbanen og Nordlandsbanen.

Namneskiltet på Hell stasjon vekkjer åtgaum hjå engelskkunnige farande, ettersom Hell på engelsk tydar helvete, og Gods-expedition kan vrangtolkast til Guds expedition.

Namnet «Hell» på denne staden har opphav i det same namnet på ein gard i området, og kjem frå det gamalnorske ordet hellir, som tyder overheng, heller. Garden ligg i nærleiken av ein overhangande fjellknaus der det òg er helleristingar frå steinalderen.[1]

For eit par hundre år sidan vart staden kalla Helle[2].

Hell ligg sørom Værnes lufthamn og Stjørdalselva. Fram til 1. januar 1962 var Hell administrasjonssentrum i Lånke kommune, som på denne datoen vart innlemma i det som då vart den nye Stjørdal kommune.

  1. Sandnes, Jørn & Ola Stemshaug, 2007, Norsk stadnamnleksikon, Oslo: Det Norske Samlaget. Side 207. ISBN 978-82-521-4905-0
  2. Fölsch, E.G., Resa i Norrige år 1817, Strängnäs, 1818.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]