Hello Again Singel av Neil Diamond frå albumet The Jazz Singer soundtrack | ||
B-side |
«Amazed and Confused» | |
---|---|---|
Utgjeve | 1981 | |
Innspelt | 1980 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 4:04 | |
Selskap | Capitol | |
Låtskrivar(ar) | Neil Diamond, Alan Lindgren | |
Produsent | Bob Gaudio | |
Neil Diamond-kronologi | ||
«Love on the Rocks» (1980) |
Hello Again | «America» (1981)
|
«Hello Again» er ein song skriven av Neil Diamond og Alan Lindgren for filmen The Jazz Singer og vart framført av Diamond på filmmusikkalbumet til filmen. Han vart òg gjeve ut som singel og nådde sjetteplassen på Billboard Hot 100 og tredjeplassen på Billboard si Adult Contemporary-lista i USA.[1][2] Billboard rangerte òg songen på 70. plass på den totale singellista for 1981.[3] Han gjorde det mindre bra i Storbritannia der han nådde 51. plass.[4] Songen har vorte spelt inn av fleire andre artistar og orkester, som Celtic Thunder, Donny Osmond og Steve Cherelle.[5]
«Hello Again» vart av Neil Diamond-biografen Laura Jackson skildra som ein «langsam, smekker ballade».[2]