Hello Mary Lou av Ricky Nelson | ||
A-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1961 | |
Sjanger | rockabilly | |
Lengd | 2:17 | |
Selskap | Imperial | |
Låtskrivar(ar) | Gene Pitney, Cayet Mangiaracina |
«Hello Mary Lou» er ein song skriven av den amerikanske songaren Gene Pitney og Father Cayet Mangiaracina,[1][2] først framført av Johnny Duncan i 1960,[3] og sidan av Ricky Nelson i 1961.[4]
Versjonen til Nelson, gjeve ut som B-sida til hitten hans «Travelin' Man», (Imperial 5741), nådde niandeplassen på Billboard-lista den 28. mai 1961. I Storbritannia vart han gjeve ut som ei A-side (med Dorsey Burnette sin «It's Late» som B-side) og nådde andreplassen. Han var òg ein hit over det meste av Europa, særleg i Noreg, der han låg 14 veker på førsteplassen.
Songen har ein gitarsolo av James Burton, som ofte er omtalt av seinare gitaristar som Brian May som ei stor inspirasjonskjelde. Piano vart spelt av Ray Johnson, som tok over for Gene Garf som fast pianist for Nelson i november 1959.[5]
Songen vart gjeven ut på det sjette albumet til Nelson, Rick Is 21.
Han vart òg spelt inn på fransk av Petula Clark (som «Bye Bye Mon Amour») på albumet A Century of Song i 1961.
Føregangar «Greenfields» Brothers Four |
Toppen av VG-lista Ricky Nelson 14 veker, veke 28–41, 1961 |
Etterfylgjar «Michael» The Highwaymen |