Helse Sør-Øst | |||
| |||
Org.form | Særlovselskap | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 991324968 | ||
Bransje | Spesialisthelseteneste | ||
Skipa | 11. mai 2007 | ||
Eigar | Helse- og omsorgsdepartementet | ||
Dotterselskap | Akershus universitetssykehus, Oslo universitetssykehus HF, Sykehuset Innlandet HF | ||
Hovudkontor | Hamar | ||
Land | Noreg | ||
Styreleiar | Svein Gjedrem | ||
Adm.dir. | Terje Rootwelt | ||
Nettstad | https://helse-sorost.no/ |
Helse Sør-Øst RHF (der RHF står for regionalt helseføretak) er eit av dei fire regionale helseføretaka i Noreg, og er eigar av dei offentlege sjukehusa og andre offentlege helseføretak i fylka Østfold, Akershus, Oslo, Hedmark, Oppland, Buskerud, Vestfold, Telemark, Aust-Agder og Vest-Agder. Dessutan samarbeider Helse Sør-Øst RHF med private sjukehus og institusjonar. Til saman 2,9 millionar personar er busette i den luten av Noreg som Helse Sør-Øst RHF skal tene.
Helse Sør-Øst RHF vart skipa 1. juni 2007 ved at dei tidlegare regionale helseføretaka Helse Sør og Helse Øst var slege saman, og har hovudkontor i Hamar, kontorstad i Skien og møtesenter i Oslo. Føretaket har om lag 160 tilsette i administrasjonen.
Sjukehusa og andre verksemder under Helse Sør-Øst RHF er organisert som såkalla helseføretak, HF: