Hen (av norrønt Hávin) er ein tidlegare kommune og ein liten tettstad i Isfjorden i Rauma kommune i Møre og Romsdal. Heen er den vanlege skrivemåten for etternamn (gardsnamn).
Staden hadde tidlegare fleire forretningar, drosjesentral, kafé, bank, postkontor og bensinstasjon. På 1980- og 1990-talet opplevde staden tilbakegang som handelsstad. Den korte avstanden til kommunesenteret Åndalsnes er ei av årsakene.
På Hen ligg Hen kyrkje, barneskule (Isfjorden barneskole) og idrettshall (Isfjordshallen).
Vikinghuset er bygd etter teikningar frå ei arkeologisk utgraving, som kopi av eit hus frå vikingtida.
Hen er ei tidlegare sjølvstendig kommune. Frå 1837 var Hen ein del av Grytten formannskapsdistrikt.
1. januar 1902 blei Hen skilt ut frå Grytten som eigen kommune. Hen hadde ved etableringa som eigen kommune 1 128 innbyggarar.
1. januar 1964 blei Hen slått saman med Eid, Grytten og Voll kommunar samt det meste av Veøy kommune til den nye Rauma kommune. Hen hadde ved samanslåinga 1 663 innbyggarar.
Folketalsutvikling for tidlegare Hen kommune frå 1899 til 1964:
1.1.1902[1] | 1910[2] | 1.12.1920[3] | 1.12.1930[4] | 3.12.1946[4] | 1.1.1951[5] | 1.1.1961[5] | 1.1.1964[1] |
---|---|---|---|---|---|---|---|
1128 | 1136 | 1144 | 1222 | 1512 | 1621 | 1617 | 1663 |