Henrik Asheim | |||
Henrik Asheim på landsmøtet til Unge Høgre i 2008 Foto: Stig Roar Aftret | |||
Fødd | 21. august 1983 (41 år) Bærum kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Handelshøyskolen BI | ||
Alle verv |
|
Henrik Asheim (fødd 21. august 1983) er ein norsk politikar (H). Han har vakse opp på Jong i Bærum kommune i Akershus fylke. Asheim var leiar for Høgre sin ungdomsorganisasjon, Unge Høgre, frå 2008 til 2012, og er dessuten medlem av Bærum kommunestyre og Akershus fylkesting. Frå 24. januar 2020 er han forskings- og høgare utdanningsminister i regjeringa Solberg.
Asheim har tidlegare hatt verv i Bærum Unge Høgre og vore leiar for Akershus Unge Høyre, og var gruppesekretær og valkampsekretær i Akershus Høgre i 2005. Før han blei vald til leiar i Unge Høgre, var han 2. nestleiar i organisasjonen. Han har jobba som personalkonsulent i Adecco bemanning.
Asheim er ope homofil, men ønskjer heller å bli sett i samband med politikken sin enn legninga si.[1]