Henrik J. Lisæth

Henrik J. Lisæth
Fødd11. mars 1933 (91 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, friidrettsutøvar
Utdanna vedNorges handelshøyskole
Alle verv

Henrik Johan Lisæth (fødd 11. mars 1933) er ein norsk forretningsmann og politikar frå Bergen. Han var stortingsrepresentant i tida 1966-73 for partiet Høgre og ordførar i Bergen 1986–87.

Liv og gjerning

[endre | endre wikiteksten]

Far hans var seljar. Sjølv utdanna Lisæth seg til siviløkonom ved Norges Handelshøyskole i 1960. Dei neste åra var han fyrst tilsett i firma Johan C. Martens Co., sidan i eit reklamebyrå og til sist var han salssjef i grossisten B. Friele & Sønner. I 1965 var Lisæth ei kort tid formann i Unge Høgre. Same hausten fekk han jobb som statssekretær i Samferdsledepartementet. Då stortingsrepresentanten Edvard Hambro i 1966 fekk stillinga som norsk FN-ambassadør, rykka Lisæth opp frå varamannsplass til fast plass i stortinget. Resten av tingbolken var han sekretær i Forsvarskomiteen. Tingperioden 1969-73 representerte han Bergen og Høgre på stortinget, då medlem i Finanskomitéen.

Lisæth var medlem 1964-67 i bystyret for Bergen. Frå 1980 til 1991 engasjerte han seg i styringa av Hordaland fylke og Bergen kommune. Valbolken 1980-83 var han medlem i fylkestinget. Deretter sat han i bystyret i åtte år, fyrst som varaordførar 1984–85 og så ordførar 1986–87.

Etter åra på Stortinget arbeidde Lisæth som avdelingsdirektør og seinare regiondirektør i Storebrand. Han avslutta arbeidslivet 1990–2000 som administrerande direktør ved Chr. Michelsens Institutt.

Lisæth var styreleiar 1990–98 i Folketrygdfondet. Formann i representantskapa i selskapa NERA og Vital Forsikring. 2001–04 var han nestleiar i Kreftforeningen.