Her Town Too

Her Town Too
Singel av James Taylor og J.D. Souther
frå albumet Dad Loves His Work
B-side

Believe It or Not

Utgjeve 1981
Innspelt 1980
Sjanger Softrock
Lengd 4:35
Selskap Columbia Records
Låtskrivar(ar) James Taylor, J. D. Souther & Waddy Wachtel
Produsent Peter Asher
James Taylor-kronologi 
«Up on the Roof»
(1979)
Her Town Too «Hard Times»
(1981)


«Her Town Too» er ein song skriven av James Taylor, J.D. Souther og Waddy Wachtel, først gjeven ut som ein duett mellom Taylor og Souther på Taylor-albumet Dad Loves His Work i 1981. «Her Town Too» vart sidan gjeven ut på samleplata Greatest Hits Volume 2 i 2002.[1]

Temaet for «Her Town Too» er etterverknadene av eit brot i eit langvarig forhold.[2][3] Taylor har kalla han «ein øm, velmeinande song om kor vanskeleg det var å vera venner» med begge partar etter brotet.[2] Sidan ekteskapet til Taylor med Carly Simon var i oppløysing på den tida, var det spekulasjonar om at songen handla om deira forhold.[2] Taylor har likevel uttalt at songen handla om «ekskona til ein felles venn.»[2] Forfattaren Sheila Weller har skrive at motivet var Betsy Asher, som nyleg hadde skilt seg frå den mangeårige manageren og produsenten til Taylor, Peter Asher.[4]

Taylor har sagt om songen at han «viste ein modnad i songstrukturen som hadde utvikla seg sidan eg skreiv 'Your Smiling Face' for JT[5] «Your Smiling Face» og JT hadde vorte gitt ut fire år tidlegare, i 1977. Taylor hevda òg at songen hadde «ein miskunnlaus bolero-kvalitet».[5] The Rolling Stone Album Guide kalla han ein «forsiktig skarp skilsmissesong» som var «blant dei finaste tekstane til Taylor».[6] Rolling Stone-kritikaren Don Shewey noterer at trass i dei verdige ambisjonane til songen, når forteljinga aldri heilt fram til ei oppløysing, og dermed kjem songen «over som berre ei fengjande, tankelaus vise.»[3] Montreal Gazette-kritikaren John Griffin rosa «melodiøse melodien i songen» og måten teksten som «she always figured that they were her friends but maybe they can live without her» gir gjenklang hos folk som har opplevd at vennskap med den eine eller andre partnaren går i oppløysing etter at eit forhold tek slutt.[7]

Salslister

[endre | endre wikiteksten]

Han vart òg gitt ut som singel i 1981, og nådde ein 11. plass på Billboard Hot 100.[8] Songen hadde komme inn på Hot 100-lista på 38. plassen, noko som gjorde han til ein av dei få songane som kom inn på topp 40 utan å nå topp 10.[9] Så langt er dette den siste singelen til Taylor som nådde topp 40 på Billboard Hot 100.[10] «Her Town Too» nådde òg femteplassen på Billboards Adult Contemporary-lista og nr. 21 på Mainstream Rock-lista.[8]

Liste (1980) Plassering
Australia (Kent Music Report)[11] 54
  1. Ruhlmann, W. «Greatest Hits Volume 2». Allmusic. Henta 8. april 2023. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 White, T. (2009). Long Ago and Far Away. Omnibus Press. s. 276–277. ISBN 9780857120069. 
  3. 3,0 3,1 Shewey, D. (28. mai 1981). «Dad Loves His Work». Rolling Stone. Henta 8. april 2023. 
  4. Weller, S. (2008). Girls Like Us: Carole King, Joni Mitchell, Carly Simon--And the Journey of a Generation. Simon & Schuster. ISBN 9781416564775. 
  5. 5,0 5,1 Musician Issues 111-1116. Amordian Press. 1988. s. 82. Henta 8. april 2023. 
  6. Coleman, M.; Edmonds, B. (2004). Brackett, N.; Hoard, C., red. The Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Fireside. s. 804. ISBN 0743201698. 
  7. Griffin, J. (2. mai 1981). «'Talk Memphis' Says Plenty for Winchester». The Montreal Gazette. s. 68. Henta 8. april 2023. 
  8. 8,0 8,1 «Dad Loves His Work awards». Allmusic. Henta 8. april 2023. 
  9. «Chartbeat». Billboard. 8. januar 1983. s. 73. Henta 8. april 2023. 
  10. «James Taylor: Chart History». Billboard. Henta 25. august 2021. 
  11. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 285. ISBN 0-646-11917-6.