Hers-Vif | |||
elv | |||
Land | Frankrike | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 1 350 km² | ||
Lengd | 130 km | ||
Middelvassføring | 15 m³/s | ||
Kjelde | Pyreneane | ||
• høgd | ±1 500 moh. | ||
Munning | Ariège | ||
Hers-Vif 43°18′21″N 1°33′09″E / 43.305833333333°N 1.5525°E | |||
Wikimedia Commons: Hers-Vif |
Hers-Vif, og kalla Grand Hers eller berre Hers, er ei 130 km lang elv sør i Frankrike, og ei av sideelvane til Ariège frå høgre.
Hers-Vif har utspring i ei høgd om lag 1 500 meter over havet nær Chioula-passet i Pyreneane, om lag 6 km nord for Ax-les-Thermes. Ho munnar ut i Ariège 2 km oppfor Cintegabelle i Haute-Garonne.
Ho renn 30 kilometer gjennom Pyreneane og fell 1 100 m til landsbyen Peyrat, der ho renn ut på ei piedmontslette. Dalen vert vidare etter kvart som ho renn over sletta, og ho når mellomalderbyen Mirepoix, som er starten på den nedre dalen hennar.
Elva renn gjennom følgjande departement og byar:
Hers-Vif er kjend for dei store flaumane ho stundom har skapt. 16. juni 1289 skal ho ha øydelagd heile Mirepoix. I nyare tid har dei største flaumane vore: