Hey! Bo Diddley Singel av Bo Diddley frå albumet Bo Diddley | ||
B-side |
«Mona» | |
---|---|---|
Utgjeve | April 1957[1] | |
Innspelt | 8. februar 1957, i Chicago[2] | |
Sjanger | Rhythm and blues | |
Lengd | 2:17 | |
Selskap | Checker 860 | |
Låtskrivar(ar) | Ellas McDaniel | |
Produsent | Leonard Chess, Phil Chess, Bo Diddley[2] | |
Bo Diddley-kronologi | ||
«Cops & Robbers»
(Juli 1957) |
Hey! Bo Diddley | «Say, Boss Man»
(Februar 1958)
|
«Hey! Bo Diddley» er den åttande singelen til Bo Diddley for Checker Records (må ikkje forvekslast med songen «Bo Diddley», som kom ut på singel i april 1957 på Checker Records).[1] B-sida til singelen var «Mona» (stundom kalla «I Need You Baby»).
«Hey! Bo Diddley» vart spelt inn i Chicago 8. februar 1957 - same dagen som «Mona». Songen vart produsert av Diddley med Leonard og Phil Chess, og med seg på innspelinga hadde Diddley Jerome Green (maracas) og anten Frank Kirkland eller Clifton James (trommer). Korvokal på songen var Peggy Jones og The Flamingos.[2]
Som mange av songane til Bo Diddley (t.d. «Bo Diddley», «Gunslinger» og «Pretty Thing») har «Hey! Bo Diddley» ein Bo Diddley-rytme.[3]
Songen vart spelt inn anten 5. eller 6. juli i Myrtle Beach i Sør-Carolina og gjeven ut i 1964 på konsertalbumet Bo Diddley's Beach Party med The Dutchess. Songen vart framført live med Ronnie Wood på Live at the Ritz i 1988.
«Hey! Bo Diddley» vart spelt inn av Bill Black, John P. Hammond, Kenny Rogers, Ronnie Hawkins, Maureen Tucker på Playin' Possum og Life in Exile After Abdication, Grateful Dead på Steppin' Out with the Grateful Dead: England '72 og The Temptations.
|archive-url=
missing title (hjelp). Arkivert frå originalen 16. september 2011. Henta 10. juli 2017.