High on the Hog Studioalbum av The Band | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 27. februar 1996 | |
Innspelt | 1995; utanom «Ramble Jungle», 1990/1991 og 1995, og «She Knows», 19. januar 1986 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 46:57 | |
Selskap | Rhino | |
Produsent | Aaron Hurwitz, Garth Hudson | |
The Band-kronologi | ||
---|---|---|
Live at Watkins Glen (1995) |
High on the Hog | Jubilation (1998)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | lenkje |
High on the Hog er det niande studioalbumet til det kanadisk-amerikanske rockebandet The Band og kom ut i 1996. Det er det andre studioalbumet deira med den seinare besetninga. Som føregangaren Jericho frå 1993, er det mange coverversjonar på albumet, og berre to originale songar.
Av songar finn ein Bob Dylan sin «Forever Young» (ein song The Band opphavleg spelte på i lag med Bob Dylan), gjort som ei hyllest til Jerry Garcia frå Grateful Dead, Blondie Chaplin sin «Where I Should Always Be», ein song i same tradisjon som «Whispering Pines» frå The Band frå 1969, coverversjonar av Johnnie Johnson and The Kentucky Headhunters sin «Back to Memphis», med horn av Garth Hudson, samt «Ramble Jungle» med Champion Jack Dupree.
Den britiske og japanske versjonen av albumet hadde med eit anna spor, «Young Blood», som berre finst i USA på eit hyllestalbum til Doc Pomus.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Stand Up» (Bruce Channel, Ricky Ray Rector) | 03:07 |
2. | «Back To Memphis» (Johnnie Johnson, A. Kenney, M. Orr, G. Martin, F. Young, R. Young) | 05:10 |
3. | «Where I Should Always Be» (Blondie Chaplin) | 04:27 |
4. | «Free Your Mind» (Denzil Foster, Thomas McElroy) | 05:05 |
5. | «Forever Young» (Bob Dylan) | 06:30 |
6. | «The High Price of Love» (Jules Shear, Stan Szelest, The Band) | 05:58 |
7. | «Crazy Mama» (J. J. Cale) | 04:48 |
8. | «I Must Love You Too Much» (Bob Dylan, Helena Springs) | 03:32 |
9. | «She Knows» (James Griffin, Robb Royer) | 03:21 |
10. | «Ramble Jungle» (Randy Ciarlante, Jack Dupree, Levon Helm, Garth Hudson, Rob Leon, Jim Weider) | 04:59 |