Hilde Lyrån | |||
Fødd | 2. januar 1963 (61 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Oslo | ||
Aktive år | 1983– | ||
Verka som | skodespelar, dansar, songar, revyartist | ||
Ektefelle | Anders Moland | ||
Prisar | Leif Justers ærespris, Musikkteaterprisen |
Hilde Lyrån (fødd 2. januar 1963 i Oslo) er ein norsk skodespelar, songar og dansar som har gjort seg merka både på scene, film og TV. Ho har gjort seg særleg merka i musikalar og på revyscena. Ho vert òg hugsa frå rolla som Trine i komiserien Mot i brøstet på 1990-talet.
Lyrån starta karrieren som dansar i 1983 hos Einar Schanke i revyen Revy 83.[1] Ho arbeidde derfrå mykje med Schanke og Dag Frøland på ABC-teateret, Chat Noir og Chateau Neuf i revyar som blant anna Slottstappet, Norge i våre hjerter, Revy for alle penga, og Einar Schankes 40-års jubileumrevy. Ho har òg medverka i musikalane My Fair Lady, Sweet Charity, Hair, Jungelboken og Sound of Music.
Frå 1994 jobba ho i lengre tid med Tom Sterri i hans revyar på ABC-teateret og Chat Noir: Festrevy for Noreg, Typisk Norsk, I Leende Live og Damenes Aften.
Sommaren 1999 og våren 2000 spelte ho i eit show med Breie Bøe kalla Med Hilde under armen og Brede i bånd. Dette resulterte seinare i eit humorprogram som vart sendt på TV 2 i 2002 under namnet Hilde & Brede show. Dei laga ein ny sesong for TV i 2007.
Sommaren 2002 spelte ho i showet Men tankene mine får du alltid saman med Kjersti Elvik og Lisa Tønne. I 2005 hadde ho ei av hovudrollene som dansar i stykket The Dancing Man, som var laga som ein hyllest til den amerikanske dansaren, koreografen og regissøren Bob Fosse.[2] Førestillinga var seinare på turné fleire stadar i Europa. I 2005 var ho aktuell i revyen Vi er i hundre saman med Breie Bøe, Sven Nordin og Lisa Stokke. Stykket vart lansert i samband med 100 års markeringa for unionoppløysinga. I 2007 var ho ein av damene i Showgirls på Chat Noir, saman med Elisabeth Andreassen, Guri Schanke og Marian Aas Hansen, og i 2012 spelte dei same damene The Showgirls must go on, òg på Chat Noir.[3] I 2009 medverka ho i Taube på Edderkoppen Teater og i 2013 i Jeppe på Chat Noir i 2013 der ho spelte mot Øivind Blunck.[4][5] I 2015 spelte ho hovudrolla i Sommermusikalen Den Gode Hensigt i Svelvik, med musikk og tekst av Christin Grilstad Prøis og regi av Ole Christian Øen.[6] Sommaren 2021 spelte ho i Hjertet mitt for dekk på Prøysenhuset.[7]
På TV gjorde ho seg først noterte i rollen som Skrida i komiserien Mot i brøstet (1995–1997). Ho har seinare gjort seg merka i tv-produksjonar som juleserien Vazelina Hjulkalender (2000), humorprogrammet Hilde & Brede show (2002 og 2007), dramaserien Seks som oss (2004–2007) og såpeserien Hotel Cæsar (2011–2015).
Ho filmdebuterte i barnefilmen Olsenbanden jr. på rocker'n (2004) og har eller gjort seg merka i barnefilmane om Karsten og Petra (2013–2018).
Utover songnummer i scenemusikalar har ho òg vore deltakar i Melodi grand prix i 1994. Her deltok ho som medlem av trioen Madam Medusa (saman med Cathrine Borkenhagen og Skrida Svensen) som hamna på fjerdeplass. I 2017 deltok ho i Stjernekamp på NRK, men rauk ut tidleg i konkurransen.[8]
Ho har òg bidrege i platesamanheng, blant anna på Vazelina Bilopphøggers Hjulkalender (2000) og på reklame-CDn Hilde og Eldar: Rull'n ut! (2004) saman med Eldar Vågan.[9][10] Ho er òg med på Øivind Blunck og «Småpikene» på albumet Postgiro'n Skal Fram (1983).[11]
I 2008 vart ho tildelt Leif Justers ærespris og i 2020 fekk ho Æresprisen til Musikkteaterprisen.[12]
Lyrån var gift med teaterprodusenten Anders Moland. Ekteskapet vart oppløyst i 2007.