Hilly Michaels | |||
Fødestad | New Haven i Connecticut i USA | ||
---|---|---|---|
Opphav | USA | ||
Aktiv | Sidan 1970-åra | ||
Sjanger | Rock | ||
Instrument | Vokal, gitar, trommer, perkusjon | ||
Tilknytte artistar | Sparks | ||
Plateselskap | Warner Bros. | ||
Verka som | Musikar, produsent |
Hilly Michaels, òg kjend som Hilly Boy Michaels, er ein USA-amerikansk trommeslagar og musikar som er mest kjend for å ha spelt trommer i Sparks i 1970-åra.[1] Han spelte på Sparks-albumet Big Beat og var den einaste av studiomusikarane på albumet som vart med Ron og Russell Mael frå Sparks på turnéen som følgde i Nord-Amerika.[2] Michaels har gjeve ut to solaoblum tidleg i 1980-åra, Calling All Girls (1980) og Lumia (1981).
Michaels har òg spelt i bandet Joy, med ein ung Michael Bolton, og artistar som The Cherry Vanilla Band, Peach & Lee, Ellen Foley, The Hunter/Ronson Band, Dan Hartman, John Mellencamp, Marianne Faithfull og Ronnie Wood.
Michaels var i eit forhold med Marianne Faithfull i midten av 1980-åra og dei budde i lag i New York City.[3]