Historia de omnibus Gothorum Sveonomque regibus latin, eller Historia om alla göternas och svearnas konungar, er eit fantasifullt historieverk skrive av Johannes Magnus og gjeve ut i 1554. Utgjevinga skjedde etter at Magnus døydde i 1544. Trass i at verket var kritisk til kong Gustav Vasa vart det nytta av sønene hans for å syna fram Sverige si ærerike historie. Verket vart òg dedikert til Erik XIV av Sverige og Karl IX av Sverige. Spesielt vart boka si liste over svenske regentar nytta, som førte rekkja over regentar heilt attende til Noa sin soneson Magog. Erik og Karl tok regentnummer som er mykje høgare enn kva som ein seinare reknar som historisk truleg.
Den første svenske omsetjinga av Ericus Schroderus vart trykt i 1620. Verket er ekstremt patriotisk, og er gjennomsyra av eit hat mot danskane.