Holborn Head

Holborn Head
nes
Land  Skottland
Kart
Holborn Head
58°37′23″N 3°32′06″W / 58.62305556°N 3.535°W / 58.62305556; -3.535
Wikimedia Commons: Holborn Head

Holborn Head er eit nes på nordsida av Caithness i Highland i Skottland. Namnet Holborn kjem frå norrønt og tyder «åsfort». Neset kan vere det same som Tarvedunum promotorium som er nemnd av Klaudios Ptolemaois i Geographia. Ytst på neset ligg restane av fortet.

Holburn Head fyr, skrive 'Holburn' i motsetnad til neset som heiter Holborn Head, ligg om lag ein kilometer sør for neset, nær Scrabster Harbour på vestsida av Thurso Bay. Det vart teikna og bygd av David og Thomas Stevenson og stod ferdig i 1862. Fyret er bygd inn i fyrvaktarbustaden, som er uvanleg for skotske fyr der fyret ofte er fråskilt huset.

Lyset vart sløkt i 2003.