Holin

Holin er membranprotein som vert nytta av bakteriofagar med dobbelttråda DNA i lag med endolysin under oppløysing av bakteriesella ved lytisk syklus.

På eit visst tidspunkt lagar holin mikron-store hòl i den indre sellemembranen slik at endolysina kan sleppa ut frå cytoplasmaet og gå til åtak på peptidoglykanet i selleveggen utanfor.