Holy Holy Singel av David Bowie | ||
B-side |
«Black Country Rock» | |
---|---|---|
Utgjeve | 17. januar 1971 | |
Innspelt | Island Studios, Notting Hill, London 9. og 13-16. november 1970 | |
Sjanger | Glamrock, kunstrock | |
Lengd | 3:13 | |
Selskap | Mercury 6052 049 | |
Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
Produsent | Blue Mink | |
David Bowie-kronologi | ||
«Memory of a Free Festival» (1970) |
Holy Holy | «Moonage Daydream» (Arnold Corns) (1971)
|
«Holy Holy» er ein song av David Bowie gjeven ut som singel i januar 1971. Han vart spelt inn i november 1970, etter The Man Who Sold the World var ferdig, sidan det ikkje var nokre klåre singlar på dette albumet. Som dei førre singlane til Bowie selde han dårleg og nådde ikkje salslistene.
På denne tida var Marc Bolan i T.Rex ei stor inspirasjonskjelde for Bowie. På denne songen, i følgje NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray, «påverka Bolan Bowie så mykje at det nesten var snakk om å vere besett av ein demon».[1] B-sida til singelen var ein annan Tyrannosaurus Rex-aktig song kalla «Black Country Rock». Bowie spelte «Holy Holy» på britiske Granada Television ikledd ein kjole,[2] som han òg hadde på seg på omslaget til den britiske utgåva av The Man Who Sold the World, som snart kom ut.
Ein meir oppjaga versjon av songen vart spelt inn i 1971 for The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars.[2] Han kom derimot ikkje med på albumet, men vart sidan gjeven ut som B-sida til «Diamond Dogs» i 1974. Denne versjonen vart òg gjeven ut som bonusspor på Rykodisc-utgåva av The Man Who Sold the World i 1990 (trass i at omslaget omtalar songen som den originale innspelinga), samt på bonusplata til Ziggy Stardust - 30th Anniversary Reissue i 2002. Bowie sjølv la ned veto mot å ta med den originale innspelinga, seint i stadiet, og singelutgjevinga frå 1970 var derfor den einaste offisielle utgjevinga av originalen, fram til han kom med på Re:Call 1, ein del av samlinga Five Years (1969–1973) som kom i 2015.
Teksten hintar om at Bowie har lese Aleister Crowley. Linja om «just the righteous brother» er ein referanse til Order of the Golden Dawn, som Crowley hadde høyrt til. Heile songen er ein hymne for sexmagi, medan teksten flyttar seg frå grunnleggjande forføring (verset) til ein orgie i refrenget.[3]
Alle songar er skrivne av David Bowie.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Holy Holy» | 3:13 |
2. | «Black Country Rock» | 3:05 |
«Holy Holy» vart innspelt av Rozz Williams sitt deathrock-band, Shadow Project, for debutalbumet deira.