Homskløfta | |||
فتحة حمص | |||
fjellovergang | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Homs guvernement | ||
Fjellkjeder | Al-Ansariyahfjella | ||
Koordinatar | 34°42′00″N 36°20′35″E / 34.7°N 36.343°E | ||
Homskløfta 34°42′00″N 36°20′35″E / 34.7°N 36.343°E | |||
Kart som viser Homskløfta.
|
Homskløfta (arabisk فتحة حمص), òg kalla Akkarkløfta, er ein fjellovergang i Orontesdalen sør i Syria. Han vert kalla «porten til Syria»,[1] og skil An-Nusayriyahfjella og Jebel Zawiyah frå Libanon- og Anti-Libanonfjella. Den vesle elva Nahr al-Kabir renn gjennom kløfta til den syriske kysten av Middelhavet.[2]
I hundrevis av år har handelsmenn og inntrengande fiendar funne vegen gjennom Homskløfta ei viktig rute mellom kysten og det indre av landet, og til andre delar av Asia[3] Kløfta er òg den einaste heilårsopne overgangen gjennom fjellkjeda.[2]
I dag går motorvegen og jernbanen frå Homs til den libanesiske byen Tripoli over passet.[4] A pipeline carrying oil also runs through the gap.[5] Borga Krak des Chevaliers ligg i Homskløfta.[6] Borga vart bygd i 1031 for å vakte over denne strategiske gjennomgangen under det første krosstoget, og skifta eigarar fleire gonger under resten av krosstoga.[7]