Hopelessly Devoted to You Singel av Olivia Newton-John frå albumet Grease OST | ||
B-side |
«Love Is a Many-Splendored Thing» av The Grease Orchestra | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 9. september 1978 | |
Sjanger | Country, softrock | |
Lengd | 3:05 | |
Komponist | John Farrar | |
Tekstforfattar | John Farrar | |
Låtskrivar(ar) | John Farrar | |
Produsent | John Farrar | |
Olivia Newton-John-kronologi | ||
«Summer Nights» (1978) |
Hopelessly Devoted to You | «A Little More Love» (1978)
|
«Hopelessly Devoted to You» er ein song skriven av John Farrar. Han vart opphavleg framført av Olivia Newton-John i filmversjonen av Grease. Songen vart nominert til Oscarprisen for beste originale song, men tapte for «Last Dance» frå Thank God It's Friday.
Halvvegs gjennom filminga av filmen, hadde ikkje songen, som Newton-John i følgje kontrakten skulle synge solo i filmen, vorte skriven enno. Farrar, som var den personlege produsenten til Newton-John, skreiv songen og gav han til produksjonstemaet for filmen. Dei nølte først, men godkjende etter kvart songen. Filminga og innspelinga av songen fann stad etter at resten av filmen var over.[1]
Newton-framførte songen på Grammy-prisutdelinga året etter.[2] Songen nådde tredjeplassen på Billboard Hot 100 og sjuandeplassen på Easy Listening-lista.[3] På country-lista vart songen den første songen hennar på over to år som nådde topp 20.[4]
Liste (1978) | Plassering |
---|---|
Australian Kent Music Report | 2 |
Canadian Singles Chart | 1 |
Canadian RPM Adult Contemporary Tracks | 2 |
Canadian RPM Country Tracks | 14 |
Irish Singles Chart | 1 |
New Zealand RIANZ Singles Chart | 6 |
U.S. Billboard Hot 100 | 3 |
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks | 7 |
U.S. Hot Country Singles | 20 |
UK Singles Chart | 2 |
Hopelessly Devoted to You Singel av Sonia | ||
B-side |
«The Anthem Medley» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 30. juni 1994 | |
Sjanger | Dance-pop | |
Lengd | 2:58 | |
Selskap | Cockney Records/BMG | |
Komponist | John Farrar | |
Tekstforfattar | John Farrar | |
Låtskrivar(ar) | John Farrar | |
Produsent | Mark Cyrus | |
Sonia-kronologi | ||
«Better the Devil You Know» (1993) |
Hopelessly Devoted to You | «Wake Up Everybody» (1995)
|
I 1994 tok Sonia over rolla som Sandy ved ein West End-produksjon av Grease, og erstatta Debbie Gibson. Samstundes gav ho ut ein coverversjon av denne songen. Singelen kom ut i juni 1995 og nådde 61. i Storbritannia.