Hoplax

Hoplax (finsk Huopalahti) er ein tidlegare kommune i landskapet Nyland i Finland. Kommunen hadde  576 innbyggjarar i 1938. Hoplax var ein tospråklig kommune. Opphavleg var svensk majoritetsspråk, men etter 1932 vart finsk majoritetsspråk.

Kadettskulen i Hoplax

Hoplax vart utskilt frå Helsinge i 1920 og var eigen kommune fram til 1946. Dette året vart kommunane Brändö, Haga, Hoplax og Åggelby slått saman med Helsingfors. Haga var opphavleg ein del av Hoplax, men vart utskilt som eigen kommune i 1923. Bydelar i Helsingfors som høyrde til Hoplax er Munksnäs (Munkkiniemi) med nærområder, Drumsö (Lauttasaari) og nordre del av Böle (Pasila).

Hoplax kommune låg vest for sentrum av Helsingfors mot Esbo kommune. Urbaniseringen av området tok til på 1930-talet.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]