Hornhjelm

Bronsefigur med horn frå Enkomi.
«Waterloo-hjelmen» (Waterloo Bridge Helmet) er ein seremoniell keltisk bronsehjelm med horn frå ca. 150–50 f. Kr. Han blei funnen i Themsen i London i 1868.

Hornhjelm er ein hjelm med utsmykkingar forma som horn. Slike hjelmar er kjende frå nokre av kulturane frå fortida, og var eit statussymbol eller hadde seremoniell betydning.

Relieffplate frå Gundestrupkjelen, ein keltisk offerkjele i sølv frå 300 f.Kr.-300 e.Kr. som blei funnen i Nord-Jylland i 1891. Motivet viser ein figur med hornhjelm.
To danske hornhjelmar frå yngre bronsealder, ca. 800-1000 år f.Kr., funne i Brøns Mose ved Veksø på Nord-Sjælland 1942.

I Danmark fann ein i 1942 to hornhjelmar i Viksø på Nord-Sjælland. Dei er frå bronsealderen, kanskje så tidleg som 800 f.Kr. Slike hjelmar er også kjende frå keltarane, der nokre arkeologiske funn skriv seg frå omkring 100 f.kr. Dette gjeld «Waterloo-hjelmen» (Waterloo Bridge Helmet), ein seremoniell keltisk hornhjelm av bronse frå ca. 150–50 f.Kr. Denne blei funnen i Themsen i London i 1868.

Det finst kunstgjenstandar frå jernalderen, altså før vikingtida, som viser avbildingar av slike hjelmar. Dette kjenner ein mellom anna frå England og på ei relieffplate frå Gundestrupkjelen, ein keltisk offerkjele i sølv frå 300 f.Kr.–300 e. Kr. som blei funnen i Nord-Jylland i 1891. Bruken av hornhjelmar kan ha vore utbreidd i Europa inn i høgmellomalderen og endå seinare. Frå seinmellomalderen kjenner ein ei rekkje forseggjorde hovudplagg, nokre av dei med horn. Dette gjeld mellom anna stridshjelmar påsett dekorative hjelmteikn.

Hornhjelmar som vikinghjelmar

[endre | endre wikiteksten]

I populærkulturen blir koniske stridshjelmar med dyrehorn vanlegvis forbundet med vikingtida i Skandinavia. Moderne framstillingar av vikingar må nok i høg grad reknast som eit produkt av romantiske framstillingar frå 1800-talet. Vikingane nytta sannsynleg oftare luer og andre hovudplagg enn hjelmar. Ofte får ein høyra at vikinghjelmar med horn er rein fantasi. Nokre historikarar ser likevel ikkje bort frå at enkelte kan ha hatt hornhjelmar, sjølv om skikken ikkje kan dokumenterast med funn eller kjelder frå vikingtida.

Ei forklaring på førestillinga om vikinghjelmar med horn blir knytt til urframføringa av Richard Wagner sin opera Nibelungens ring på 1870-talet. Kostymesjefen til framsyninga, Carl Emil Doepler, skal ha henta inspirasjon frå andre sceneoppsetningar med historiske motiv og frå germansk og anna kunsthandverk i museum. I stykket utstyrte han dei vonde rollefigurane med hornhjelmar medan dei gode heltane fekk hjelmar pynta med venger av fjører. Bilde frå oppsetjingane skal sidan ha blitt spreidde vidt omkring, og kjeglehjelmar med kuhorn har sidan 1800-talet blei eit kraftfullt symbol på vikingar og vikingtid som er kjent i store delar av verda.