Houla | |||
slette | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Homs guvernement | ||
Koordinatar | 34°53′7″N 36°30′42″E / 34.88528°N 36.51167°E | ||
Houla 34°53′47″N 36°29′36″E / 34.896377°N 36.493231°E | |||
Kart som viser Houla.
|
Houla eller Houlasletta (arabisk الحولة, al-Ḥūlāh) er eit område som består av tre landsbyar i Homs guvernement sentralt i Syria, nordvest for byen Homs. Landsbyane, Taldou, Kafr Laha og Tell Dahab har kvar 25–30 000 innbyggjarar.[1] Busetnaden er i røynda ein sunnimuslimsk by omgjeve av alawittlandsbyar.[2] Mange av innbyggjarane i Houla-landsbyane er av tyrkisk opphav.[3]
Houla vart skildra på 1800-talet av den engelskmannen Eli Smith som eit lågtliggande landområde på austsida av al-Ansariyahfjella.[4] Ein av landsbyane, Taldou,[5] ligg i utkanten av Houla.[6] Den største landsbyen i Hoularegionen hadde over 20 000 innbyggjarar i 2004 og heiter Kafr Laha (arabisk كفرلاها).[7]
Den syriske geografen Yaqut al-Hamawi vitja al-Houla i 1226 under Ajjubide-dynastiet og skreiv at staden høyrte til Jund Hims (militærdistriktet Homs).[8]
I mai 2012 vart dei to landsbyane Taldou og al-Shoumarieh[9] utsett for ein stor massakre av sivile og stadige kampar mellom Den frie syriske armeen og Det syriske forsvaret.[5][6]