How Are You Singel av The Kinks frå albumet Think Visual | ||
B-side |
«Killing Time» (Storbritannia) | |
---|---|---|
Utgjeve | 22. desember 1986 | |
Innspelt | Januar 1986 og juni-august 1986 | |
Studio | Konk Studios i London | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 4:27 | |
Selskap | MCA / Davray Music Ltd. | |
Låtskrivar(ar) | Ray Davies | |
Produsent | Ray Davies | |
The Kinks-kronologi | ||
«Do It Again» (UK, 1984) --- «Rock 'n' Roll Cities» (US, 1986) |
How Are You | «Lost and Found» (1987)
|
«How Are You» er ein song av The Kinks på albumet Think Visual frå 1986. Songen var skriven av Ray Davies.
Den første demoinnspelinga av «How Are You» vart gjort i januar 1986 i Konk Studios.[1] Ray Davies likte vokalen på demoen så godt at han brukte dette på den endelege innspelinga.[1]
«How Are You» vart først gjeven ut i november 1986 på Think Visual. Ein månad seinare kom han ut som den første britiske singelen frå albumet, med B-sida «Killing Time». Singelen vart ein moderat suksess og nådde 86. plassen på den britiske singellista. Dette var den siste Kinks-singelen som gjekk inn på lista i Storbritannia. I USA vart Dave Davies-songen «Rock 'n' Roll Cities» vald ut som den første singelen frå albumet. «How Are You» vart sidan gjeven ut som oppfølgjaren, denne gongen med B-sida «Working at the Factory». I USA snudde radiopratarane plata og spelte «Working at the Factory» i staden. Denne nådde 16. plassen på Billboard si Album Rock Tracks-lista.
Det vart laga musikkvideo til songen med Ray Davies.[2] Videoen vart ikkje regissert av Julien Temple, som hadde regissert alle musikkvideoane deira sidan «Predictable».[2]