Hurunui District | |||
distrikt | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Areal | 8 654,5 km² | ||
Folketal | 12 558 (6. mars 2018)[1][2] | ||
![]() Hurunui District 43°09′07″S 172°43′44″E / 43.1519°S 172.729°E | |||
Wikimedia Commons: Hurunui District |
Hurunui District er eit distrikt på austkysten av Sørøya på New Zealand, nord for Christchurch. Det er ein del av regionen Canterbury. Flatevidda er 8 660,43 km².
Ved folketeljinga i 2006 var innbyggjartalet 10 476. Som tilfellet òg er med Waitaki District, har dette distriktet det lågaste talet av innbyggjarar med ikkje-europeisk bakgrunn på heile New Zealand, både i reine tal og høvesvis. Meir enn 95% av innbyggjarane ved folketeljinga i 2006 gav opp bakgrunnen sin som «europeisk» eller som «New Zealanders» (som kan tolkast som for ein stor del eruropearar). Lokalinnbyggjarar kunne til og med kjenna att identitetane til lokale maoriar eller asiatar som var registrerte under folketeljinga[3]