Husan | |||
حوسان, Hussan, Housan | |||
kommune | |||
Husan
| |||
Namneopphav: Venleik | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Betlehem guvernement | ||
Koordinatar | 31°42′35.81″N 35°08′01.90″E / 31.7099472°N 35.1338611°E | ||
Areal | 7,1 km² | ||
Folketal | 5 511 (2007) | ||
Folketettleik | 776 / km² | ||
Borgarmeister | Jamal Sabatin | ||
Husan 31°42′36″N 35°08′02″E / 31.709947222222°N 35.133861111111°E | |||
Kart som viser Husan.
| |||
Wikimedia Commons: Husan |
Husan (arabisk حوسان) er ein palestinsk by nord for Gush Etzion regionale kommune, ni kilometer vest for Betlehem i Betlehem guvernement. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde Husan hadde eit folketal på 5 511 i 2007.[1]
På arabisk, tyder husan «venleik». Namnet kan òg kome frå Hassan kloster, som seinare vart Husan.[2]
Dei eldste funna i landsbyen er datert attende til jernalderen. Andre funn er gjort frå tida etter den babylonske eksiltida og frå mellomalderen.[3] Dei opphavlege innbyggjarane kom frå Den arabiske halvøya og Jemen på 200-talet.[2] Ein har òg funne keramikk frå bysantinsk tid.[4]
Husan, vart som resten av Palestina, ein del av Det osmanske riket i 1517, og i skattelister frå 1596, stod landsbyen oppført som ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Han berre muslimske innbyggjarar med 12 hushaldningar og betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, vindruer og frukttre, grønsaker og frukthagar, tilfeldige inntekter, geiter og/eller bikubar.[5]
Då den franske oppdagaren Victor Guérin vitja Husan i juni 1863, skreiv han at han låg på eit fjell.[6] Seinare i august same året, skreiv at han staden berre var busett av eit fåtal innbyggjarar, og at husa låg kring eit tårn.[7]
I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Hausan som ein liten steinlandsby på ein flat rygg, med ein bratt dal i nord og ein brunn i sør.[8]
I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Husan ein muslimsk folkesetnad på 396 innbyggjarar.[9] Dette auka i folketeljinga i 1931 til 540, framleis alle muslimar, i 122 hus.[10]
I 1945 var folketalet 770, alle arabarar, som eigde 7 252 dekar land i følgje ei offisiell landmåling.[11] Av dette var 1 972 dekar for korn,[12] medan 37 dekar vart utbygd (urbant) land.[13]
Etter den den arabisk-israelske krigen i 1948, og etter våpenkvileavtalen i 1949, var Husan under jordansk styre.
Den 27. oktober 1996 vart ein 10 år gammal palestinsk gutt slegen i hel av ein isarelsk busetjar, medan guten var på veg heim frå skulen. Han døydde av skadane dagen etter.[14]