Håkon Mjøen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 5. november 1944 (80 år) Oppdal |
Idrett | alpint |
Tok del i | Vinter-OL 1968 |
Håkon Mjøen (fødd 5. november 1944 i Oppdal) er ein norsk tidlegare alpinist. Han køyrde slalåm og storslalåm.
Mjøen si fremste plassering i verdscupen var ein andreplass i slalåm 14. januar 1968 i Lauberhornrenna i Wengen. Han har i tillegg ein tredjeplass i slalåm frå det første verdscuprennet i Kirkerudbakken i Bærum i 1968,[1] og ytterlegare seks plasseringar mellom dei 10 fremste.
I Vinter-OL 1968 i Grenoble låg Mjøen på tiandeplass etter første omgang. Etter andre omgang hadde Mjøen beste tid, og ei stund trudde ein at han var gullvinnaren. Det synte seg at Mjøen hadde køyrt utom to portar i den tjukke skodda, og han vart dermed diskvalifisert.