59°55′15.265″N 10°44′1.9068″E / 59.92090694°N 10.733863000°E
Høgskolen i Oslo | |||
Avdeling for ingeniørutdanning ved HiO | |||
Motto | Utdanning for et helt liv | ||
---|---|---|---|
Grunnlagt | 1. august 1994 | ||
Type | Statleg høgskole | ||
Stad | Oslo kommune | ||
Nettstad | http://www.hio.no | ||
Erstattar | Norsk journalisthøgskole, Oslo ingeniørhøgskole, Statens bibliotekhøgskole, Sosialhøyskolen i Oslo | ||
Erstatta av | Høgskolen i Oslo og Akershus | ||
Høgskolen i Oslo 59°55′19″N 10°44′00″E / 59.921869444444°N 10.733405555556°E |
Høgskolen i Oslo (HiO), blei etablert 1. august 1994 og hadde om lag 12.000 studentar og 1100 tilsette.[1] Høgskulen var ein av 24 statlege høgskular i Noreg og er eit resultat av at tretten statlege høgskular i Oslo blei slått saman som ein del av Høgskulereforma i 1994. Den var den største statlege høgskulen i Noreg.
Høgskolen vedtok samanslåing med Høgskolen i Akershus på Kjeller den 9. desember 2010. Den nye høgskolen, Høgskolen i Oslo og Akershus, blei oppretta den 1. august 2011.
Høgskolen i Oslo var samlokalisert på Bislett (Frydenlund, Pilestredet park og Holbergs plass), med hovudadresse Pilestredet 46 på Bislett i Oslo.
Høgskulen tilbaud fag- og profesjonsstudium innan ei rekkje fagområde. Faga kunne takast i varierande lengde frå halvårseiningar til bachelorgrader, mastergrader og eit doktorgradstudium, samt ei rekkje kurs-, etter- og vidareutdanningar.
Dei sju avdelingane ved Høgskolen i Oslo var:
I tillegg kom Senter for profesjonsstudier (SPS).
Høgskulen tilbaud internasjonalisering av studia, både høve til å ta delar av den ordinære utdanninga i utlandet, eller ved å halde fram å utdanne seg i utlandet etter avslutta studiar.
I 2007 blei Høgskolen i Oslo, avdeling for lærarutdanning og internasjonale studiar, tildelt ansvaret for opprettinga av den første permanente tolkeutdanning i Noreg, og oppretta same år studietilbodet «Tolking i offentlig sektor» der det i løpet av 2007 og 2008 blei tilbode tolkeutdanning i 30 ulike språkkombinasjonar.