Høgskulen i Volda | |||
| |||
Grunnlagt | 1994 | ||
---|---|---|---|
Type | Statleg høgskule | ||
Rektor | Odd Helge Mjellen Tonheim (2023–) | ||
Stad | Volda kommune | ||
Studentar | 4 500 (2020) | ||
Tilsette | 350 (2020) | ||
Org.nummer | 974809672 | ||
Nettstad | http://www.hivolda.no/ (norsk) | ||
Erstattar | Møre og Romsdal distriktshøgskule, Volda, Volda lærarhøgskule | ||
Høgskulen i Volda 62°08′54″N 6°04′52″E / 62.14827778°N 6.08119444°E |
Høgskulen i Volda (HVO) ligg i Volda sentrum i Volda kommune i Møre og Romsdal.
Høgskulen i Volda er ein statleg høgskule i Noreg. Han vart etablert 1. august 1994 etter at det vart vedteke å slå saman dei to statlege høgskulane i Volda som ein del av Høgskulereforma i 1994. Høgskulane som fusjonerte var Møre og Romsdal distriktshøgskule, Volda og Volda lærarhøgskule.
Høgskulen er kjend for å ha lærar- og medieutdanning. I tillegg kan ein ta fag- og profesjonstudiar innan humanistiske fag og samfunnsfag. Faga kan takast i varierande omfang, frå halvtårseiningar til bachelorgrad, mastergrad og nokre doktorgradstudium, og ei rekkje kurs-, etter- og vidareutdanningar.
Rektor er Odd Helge Mjellem Tonheim (sidan 2023).[1]
Høgskulen har fire avdelingar:
Høgskulen tilbyr internasjonalisering av studiar, og studentane har høve for å ta delar av den ordinære utdanninga si i utlandet ved eit av partneruniversiteta til høgskulen.
Organisasjoner som har studentlag ved høgskulen i Volda er blant andre: