Henrik Bull | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1957 (67 år) Oslo |
Yrke | fysteamanuensis, dommar |
Henrik Bull (fødd 1957) er ein norsk jurist og dommar i Høgsterett. Han vart utnemnd til høgsterettsdommar den 18. juni 2010, og tiltredde i Høgsterett frå den 17. januar 2011.[1][2]
Henrik Bull tok juridisk embetseksamen i 1984. Han var deretter konsulent/førstekonsulent i Justis- og politidepartementet si lovavdeling og frå 1988 til 1996 lovrådgjevar same stad. I perioden 1987 til 1988 var han dommarfullmektig ved Nedre Romerike sorenskrivarembete.
Frå 1996 til 2001 var han stipendiat ved Universitetet i Oslo, Juridisk fakultet, Senter for Europarett. Han disputerte til dr. juris i 2002 med avhandlinga «EØS-avtalen og import av finansielle tjenester». Han var etter dette førsteamanuensis og direktør for Senter for Europarett til 1. januar 2006m[3] då han blei utnemnd til dommar ved EFTA-domstolen i Luxembourg.