69°43′29.9″N 29°53′11.3″E / 69.724972°N 29.886472°E
Høybuktmoen | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Høybuktmoen 69°43′03″N 29°53′33″E / 69.7175°N 29.8925°E |
Høybuktmoen (nordsamisk Nuvvosguolbba) ligg i Sør-Varanger kommune, tolv kilometer frå Kirkenes, og er for tida standkvarter for Garnisonen i Sør-Varanger (GSV) og Øst-Finnmark Heimevernsdistrikt 18. Her ligg også Kirkenes lufthamn som har daglege flyavgangar til Tromsø, Oslo og andre byar i Finnmark.
Den første innkvarteringa bestod av gammar og var i frå opprettinga av GSV i 1921.
Det vart vedteke i 1946 at ein skulle byggje opp ein ny leir ved den tysk-bygde flyplassen. Fyrste delen av bygginga stod ferdig i 1951. I ettertid har det vore ein del nybygging, mellom anna av ein ny idrettshall. Grenseposten er leirmagasinet i leiren.