I'll Never Fall in Love Again av Burt Bacharach | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1968 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 3:12 | |
Komponist | Burt Bacharach | |
Tekstforfattar | Hal David | |
Låtskrivar(ar) | Burt Bacharach, Hal David |
---|
I'll Never Fall in Love Again av Dionne Warwick | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1969 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 2:55 | |
Selskap | Scepter | |
Komponist | Burt Bacharach | |
Tekstforfattar | Hal David | |
Låtskrivar(ar) |
---|
«I'll Never Fall in Love Again» er ein popsong av Burt Bacharach med tekst av Hal David. Han vart opphavleg skriven i 1968 for musikalen Promises, Promises, og vart raskt ein av dei mest kjende Bacharach/David-songane. Han vart introdusert i showet av Jerry Orbach og Jill O'Hara.[treng kjelde] Han vart nominert til Grammy-prisen for årets song i 1969. Ein versjon med songarane i studio vart gjeven ut som singel under Burt Bacharach sitt namn i 1969 og selde moderat.
«I'll Never Fall in Love Again» vart ein hit for Bobbie Gentry då han nådde førsteplassen på UK Singles Chart i Storbritannia i oktober 1969.[1] I januar 1970 nådde han sjetteplassen på Billboard Hot 100 og toppen av Easy Listening-lista for Dionne Warwick.[2] Warwick-versjonen var arrangert og produsert av Burt Bacharach og spelt inn i 1969 med Gary Chester på trommer. Denne nådde tredjeplasse på den kanadiske singellista og vart ein internasjonal millionseljar. Albumet til Warwick med same namn inneheld singelen som vann Grammy-prisen i 1971 for beste kvinnelege popsong. Versjonen til Ella Fitzgerald vart ein mindre hit i september 1969. Det var òg den bestseljande singelen til det skotske bandet Deacon Blue, som nådde andreplassen på UK Singles Chart i 1990.
Utanom versjonane nemnde over er songen blitt spelt av mange andre artistar, mellom andre: