I'm Deranged Song av David Bowie frå albumet Outside | ||
Utgjeve | 25. september 1995 | |
Sjanger | Industriell rock | |
Lengd | 4:29 | |
Selskap | RCA | |
Låtskrivar(ar) | David Bowie, Brian Eno | |
---|---|---|
Produsent | David Bowie, Brian Eno, Dave Richards |
«I'm Deranged» er ein song skriven av David Bowie og Brian Eno i 1995 for albumet Outside. Musikalsk og tekstmessig deler songen mange tema med «Look Back in Anger» frå Lodger (1979), inkludert ein engel som syner seg for artisten. Dei to songane vart ofte spelt saman under Outside-turneen i 1995.