I'm Telling You Now Singel av Freddie and the Dreamers | ||
B-side |
«What Have I Done to You?» | |
---|---|---|
Utgjeve | 1963 | |
Sjanger | Beat | |
Lengd | 2:05 | |
Selskap | Columbia (EMI) DB 7086 (UK) Tower 125 (USA) | |
Låtskrivar(ar) | Freddie Garrity, Mitch Murray | |
Freddie and the Dreamers-kronologi | ||
«If You Gotta Make a Fool of Somebody» (1963) |
I'm Telling You Now | «You Were Made for Me» (1963)
|
«I'm Telling You Now» er ein song av Freddie Garrity og Mitch Murray, opphavleg framført av Freddie and the Dreamers. Songen gjekk heilt til topps på den amerikanske Billboard Hot 100-lista i 1965.[1] Murray skreiv òg songar for andre britiske artistar i 1960-åra, som Gerry and the Pacemakers, Manfred Mann og Georgie Fame.
«I'm Telling You Now» var først gjeven ut i 1963 på Capitol Records i USA/Canada og på Columbia i Storbritannia, India, Nederland og Sverige, men hadde ikkje stor suksess då. To år seinare, då songen kom ut på ny to år seinare vart han derimot særs populær.
Dansen som Freddie og bandet hans dansa under denne songen skapte ein populær dans, kalla «The Freddie».[2]